søndag 22. november 2009

Rødhette og ulven

Torsdag ettermiddag, blei ei jente og hennes bestemor slukt av ein ulv i Bymarka, i Trondheim. Jenta skulle besøke sin sjuke bestemor, da hadde ulven brote seg inn i huset til bestemora og slukt ho og seinare jenta. Heldigvis kom ein jeger forbi, og fikk ordna opp i det heile ved at han skor opp ulven og redda ut jenta og bestemora i tide.

Jenta kunne fortelje at det var ein grufull oppleving og at det hadde vore skrekkeleg mørkt inne i ulven, og at ho er glad for at jegeren var der. Ifølgje politiet ser dei at denne hendinga kan ha prega begge sterkt. ”Vi ser denne saken som svært alvorleg, og vi trur at det kan være behov for samtalar med psykolog for dei begge.” Seier politimeistaren i Trondheim kommune.

Jegeren som er blitt ein helt i heimkommunen sin, seiar at han ikkje var særlig høg i hatten da han hadde skjønt kva som hadde skjedd, men at han visste kva han skulle gjere. ” I ettertid ser eg kor tøff eg var, og kor flaks det var, at eg gjekk for å sjekke om det var noko galt, det er eg veldig glad for at eg gjorde”. Seiar ein tydelig prega jeger.

Fleire detaljar vil ikkje politiet kome ut med før dei veit meir om hendinga. Saken er under etterforsking og politiet håpar på å finne ut meir om korleis det heile forgjekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar